Oppdatering
OPPDATERING FRA FORFORMIDLING.NO
Hei,
Takk for di registrering hjå fôrformidling. Årets tørke skapar både uro og uvisse for mange. Vi håpar denne informasjonen kan vere til hjelp.
Kva skjer vidare?
Våre sider er meint som ein arena for at bønder som manglar fôr kan finne saman med bønder som har fôr til overs. Salet vil altså avhenge av din eigen innsats. Vi oppfordrar alle som har behov for fôr på det sterkaste til å aktivt følgje med på om det vert registrert aktuelle seljarar i ditt område som matchar dine behov. De organiserer kjøpet sjølve, og kva det vert samde om av pris og transport er følgjeleg opp til dykk.
På våre nettsider finn de ei oversikt over dei som har registrert at dei kan bidra med transport:
https://www.forformidling.no/froversikten-2018/ (Klikk på Transport)
Elles har Norsk landbruksrådgiving utarbeida god informasjon som er greit å ha kjennskap til:
Skjema for kjøp og sal av halm finn du her: https://www.nlr.no/nyhetsarkiv/2018/kontrakter/
Retningslinjer for pris finn du her:https://www.nlr.no/nyhetsarkiv/2018/rett-pris-paa-halm/https://rogaland.nlr.no/fagartikler/prissetting-paa-grovfor-i-rundballer/
Kven skal eg kontakte dersom eg lurer på noko?
Vi oppfordrar alle til å ta i bruk det etablerte rådgjevingstilbodet for landbruket, som mellom anna Tine, NLR og Felleskjøpet leverar.
Norsk Landbruksrådgiving (NLR) kan blant anna mykje om grovfôr og produksjon, kontaktinformasjon til dei ulike regionane finn de her: https://www.nlr.no/om-oss/grovforformidling/
Felleskjøpet kan mellom anna hjelpe med å finne kraftfôr tilpassa lite grovfôr. Vi anbefalar å ta kontakt med din kontaktperson for kraftfôr, sjå oversikt her:
https://www.felleskjopet.no/salgs-og-fagkonsulenter/
Vi oppfordrar også alle som driv med mjølk til å ha tett dialog med sin rådgjevar frå Tine, for å sikre god oppfølging av produksjon. Informasjon om Tine Rådgjeving finn de her: https://medlem.tine.no/om-oss/tine-radgiving
Særskild info til dei med hest: https://www.bondelaget.no/nyhetsarkiv/slik-gir-du-hesten-trygt-for-i-torken-article100237-3805.html
Kva viss eg ikkje får tak i nok grovfôr?
Det er alternative løysingar som gjer det mogleg å fôre dyr med mindre grovfôr enn det som vil vere å anbefale i eit normalår – faktisk kan så lite som 50% av ordinær grovfôrmengde vere tilstrekkeleg. Dette er også lurt å ha i bakhovudet når ein registrer sitt behov. Sidan det vil vere betydeleg fleire med fôrmangelen enn fôroverskot i år, håpar vi alle er moderate når dei legg inn sitt behov, så vi får fordelt resursane til hjelp for flest mogleg. Dersom du er usikker på kva ditt reelle grovfôr behov er, kan felleskjøpet sine konsulentar spørjast.
Vi vil også gjere oppmerksam på at eit av måla med forformidling-sida er å utnytte norske ressursar på best mogleg måte, for å sikre god og trygg matproduksjon. Det er ikkje risikofritt å importere fôr frå utlandet, men om du likevel må ty til denne løysinga er dette nyttig informasjon frå mattilsynet her: https://www.felleskjopet.no/kraftfor/halmformidling/informasjon-fra-mattilsynet/
Særleg info til deg som kjøper halm: Hugs på risikoen for smittefare, og då spesielt hønsehirse og floghavre. Denne risikoen gjer det ekstra viktig med ein god dialog med kornboden, og eventuelt entreprenøren som tek jobben, om kva krav utstyret skal innfri.
Oppdatert status på ditt fôrbehov:
Heilt til slutt ønskjer vi å få ei oppdatering på ditt fôrbehov, og vi håpar difor at du kan ta deg tid til å fylle ut skjemaet under. Dette vil gjere det mogleg for oss å fokusere på dei som framleis manglar fôr, framfor dei som har fått dekka fôrbehovet sitt. Takk på førehånd!
Venleg helsing
Forformidling
(Ved å fylle ut skjemaet under godtar du at vi benytter dataene dine til å etter beste evne arbeide for å skaffe fôr til dyrene dine. Dataene slettes når formålet er oppnådd).